100-årsmarkeringa

I høve at det er 100 år sidan forfattaren Bjørn Rongen vart fødd på Evanger, inviterte Vassvøri sogelag til

BJØRN RONGEN-SEMINAR i "Eldhuset" på Evanger, laurdag 9. september 2006

 

Bjørn Rongen sin forfattarskap var vidtrekkjande og vesentleg.Sjølv om Rongen slo seg ned austpå, var mykje av bakgrunnen i bøkene hans henta frå natur og miljø på Vestlandet Den økonomiske krisa i trettiåra med vonløyse og politisk uro skreiv Rongen om i sine samfunnskritiske og satiriske førkrigsromanar.

Etter krigen kom verket om bygginga av Bergensbanen. Desse bøkene er mellom dei fremste i norsk arbeidarlitteratur.

På slutten av forfattarskapen sin vende Rongen seg til dei yngre lesargruppene. Dei velskrivne barne- og ungdomsbøkene vart svært omtykte både her i landet og i utlandet.

Rongen vart kjend som ein framifrå novellist. Med stor fantasi, sikker språkføring og god humor strøymde det mellom 400 og 500 noveller frå pennen hans.

Rongen var ein ivrig avisdebattant. Det var særleg språkspørsmål som engasjerte han.

Bjørn Rongen var styremedlem i Den norske Forfatterforening i 1940 – 1945.

Han har gjeve ut 16 romanar, 2 novellesamlingar og 11 barne- og ungdomsbøker. Mange av bøkene er omsette til framande språk.

Prisar:

1953 Kultur- og kirkedepartementets pris for barne- og ungdomslitteratur.

1955 Gyldendals Legat

1962 Melsomprisen

Bjørn Rongen sine bøker er utselde og ikkje komne i nye opplag.I norsk litteraturhistorie har ikkje forfattarskapen til Bjørn Rongen fått nokon stor plass.Når Vassvøri sogelag inviterer til Bjørn Rongen-seminar, er det ikkje berre for å minnast at det er 100 år sidan forfattaren vart fødd; men for å lyfta fram forfattarskapen til Bjørn Rongen slik den retteleg fortener i norsk litteraturhistorie.

 

Omtale av føredragshaldarar:

                  Karin-Marie Flo: Fødd 1936 i Tønsberg. Utdanna cand.phil. ved Universitetet i Bergen. Har arbeidd i vidaregåande skular i Bergen; i mange år som lektor og inspektør ved Krohnsminde vg. skole. Fra 1993 og fram til pensjon, rektor ved Slåtthaug vg. skole i Fana.

                  Johannes Gjerdåker: Fødd 1936 på Voss. Gjekk på Voss Landsgymnas. Studert språk og historie ved Universitetet i Oslo. Undervist på gymnas i Oslo og på Voss. Gjeve ut bøker med lokalhistorisk stoff. Arbeidd med gjendikting og oversetjingar.

                  Vibeke Mowinkel Lorentz: Fødd 1940 Avdelingsleiar ved Barne-og ungdomsavdelinga ved Bergen off. bibliotek.Bibliotekar med vidareutdanning i litteraturformidling, barne-og ungdomslitteratur og barnebibliotekarbeid.

                  Ole Bjørn Rongen: Fødd i 1946, oppvaksen i Drøbak. Gjekk på Eidsvoll landsgymnas, har studert i Oslo, i USA og i Kina. Har undervist i kinesisk ved Universitetet i Oslo, arbeidd som journalist i NRK og underviser no i journalistikk ved Universitetet i Stavanger. Har m.a. omsett fleire av dei klassiske kinesiske filosofiske skriftene til norsk.

                  Thana Rongen: Fødd i 1940, oppvaksen i Drøbak. Gjekk på Voss landsgymnas, studerte i Oslo. Filolog av utdanning. har arbeidd som lektor i vidaregåande skule, lengst på Os gymnas. Er no pensjonist, busett i Drøbak.

                      

               

Programinnslag:

Ole Bjørn Rongen og Thana Rongen:

Glimt frå eit diktarliv. Bjørn Rongen: forfattar-faktotum-familiemann

Karin-Marie Flo:Individ og samfunn. Bjørn Rongens trettitallsromaner

Johannes Gjerdåker: Trilogien om bygging av Bergensbanen

Vibeke Mowinckel Lorentz: Bjørn Rongen for barn og ungdom